Spørsmål
Hei, satte meg sjøl i en ordentlig knipe, jeg skjønner ikke hvor hjernen min var på det tidspunktet. Aner ikke hvordan jeg skal overleve de neste månedene.. Ble sammen med en fyr for snart 3 år siden (bodd sammen de 2 siste), som jeg fortsatt elsker. Men forholdet tærer veldig, jeg føler meg veldig nedprioritert da han jobber heeele tiden. Dette er mitt første seriøse forhold, så jeg tror jeg tenkte noe sånt som "han er bedre enn de jeg datet før", men det betyr ikke at han er bra nok?!Er vi heldig, møtes vi 10 min. Hvert døgn når han jobber doble vakter, og ellers sover han ut. Ønsker mer ut av et forhold, enn dette. Har nå slått opp, men vi må fortsette å bo sammen, da vi kjøpte leilighet og venter på å selge etter ett år (unngå skatt). Hvordan skal jeg takle mentalt å bo sammen med noen jeg har slått opp med? Jeg føler jeg går på veggen annenhver dag, går utover studier, og han er veldig flink til å legge skyld på meg, gaslighting. Redd for at han blir voldelig, aggressiv.
Eg forstår godt at du synast dette er vanskeleg! Du er dessverre ikkje den første som har stått i denne type situasjon - der ein må fortsette å bu saman av økonomiske grunnar, sjølv om forholdet er over. Mange vurderer det som det smartaste å gjere, sjølv om det emosjonelt er svært krevjande.
Vald er aldri akseptabelt
Først av alt: Du seier at du er redd for at han skal bli valdeleg.
Hugs at vald er aldri greit, og bør bli meldt til politiet. Dette er både for di eiga tryggleik og for at kvinner han møter seinare skal stå sterkare om dei blir utsatt for det samme.
Lytt til deg sjølv
Utifrå korleis du skildrar det, så verkar det som du har gjort eit vel-overvegd valg. De har vore saman lenge, du har tenkt masse på dette, og du har sett at forholdet ikkje er slik du ønskjer. Han brukar ikkje nok tid på deg, og slik ønskjar du ikkje ha det, trass i at du framleis elskar han. For meg så høyrast det ut som du har lytta til deg sjølv, teke det på alvor og gjort eit valg basert på dette.
Å stå for valget ditt
Sjølv om du har gjort eit valg som du tenkjer er det riktige for deg, betyr det ikkje at det er lett eller smertefritt! Mi erfaring er at det oftast også gjer svært vondt for den som gjer det slutt: Ein må sørge tapet av ein person som ein er glad i og eit forhold som ikkje blei noko av, sjølv om det var ditt intitativ! Mange kjenner på skuldkjensle for å ha såra den andre. I tillegg er det mange som kjenner på lettelse av å vere ute av forholdet, noko som kan vere komplisert når den andre har det vondt. Alt dette må ein tåle når ein har gjort det slutt med nokon. Og i ditt tilfelle er det enno meir komplisert, sidan du ikkje får den fysiske avstanden til han etter brotet.
Gaslighting / guilt-tripping
Ikkje nok med at dette var komplisert nok som det var, så opplevast det for deg som at han forsøker, meir eller mindre bevisst, å få deg til å føle vonde kjensler. Det kan høyrast ut som at han er sint og forsøker å straffe deg følelsesmessig. Dette er vanskeleg å handtere. Du kallar dette gaslighting, og det kan også kallast guilt-tripping.
Her eit par råd for å handtere gaslighting:
- Erkjennelse: Det aller første er ta på alvor det du seier; nemleg at du blir gaslighta. Dette er ofte ein vond, men viktig, erkjennelse.
- Kjensla si retning: Hugs at dette er noko han gjer for å å prøve å få deg til å føle noko vondt. Du kan ikkje gjere noko med det han gjer, men du kan gjere noko med kjenslene dine. Øv på å fokusere på kva du føler mot han (ofte sinne) når han gaslightar deg, og prøv å ikkje vende det mot deg sjølv (han har rett, eg har gjort noko galt)
- Lytt til deg sjølv: Fortset å lytte til deg sjølv og stole på deg sjølv. Har du gjort eit velovervegd valg, så kan du ofte stole på dette sjølv om han forsøker å få deg til å tenke annarleis.
- Søk støtte: Snakk med nokon du stoler på! Det mykje lettare å stole på seg sjølv og handtere forvirringa som gaslightning gir når du kan diskutere det med nokon andre
- Aksept: Aksepter at dette er vanskeleg! Det er vondt når nokon vi er glad i sårar oss, og for å komme gjenneom dette må ein leve med vonde kjensler.
- Vald og trugslar er aldri greit: Om du blir utsatt for vald eller truslar om vald bør du anmelde og komme deg unna. Pass på deg sjølv!
Nokon å snakke med?
Du står i ein kjenslemessig svært vanskeleg situasjon. Om du treng hjelp utover vennar og finnast det fleire du kan kontakte:
Utsatt for vald eller truslar?
- Ved akutt fare: Ringnødnummeret tlf: 112
- Politiets sentralbord tlf: 02800
- Nokon å snakke med om vald? Ring VO-linjen 116006
Nokon å snakke med anonymt?
- Mental Helse: 116 123 (hele døgnet)
- Kirkens SOS: 22 40 00 40
- Chat med Kirkens SOS hver dag fra 18.30-22.30 (fredag frem til 01.30)
- Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) (Alle dager fra kl 16.00 til kl 06.00
Hugs også at den lokale samskipnaden din har erfarne samtalepartnarar.
Masse lukke til!
Venleg helsing frå psykologen