Nokon viktige fakta om kjensler som du må vite
Når du blir student opplever du mykje nytt. Desse opplevingane vil vekkje både gode og vanskeleg kjensler i deg. Da er det nokon ting som er nyttig å vite om kjensler:
- Sinne, angst, stress, glede, forelsking og nysgjerrig er prega av ulike gradar av auka aktivering
- Sorg, slitenheit, depresjon, bakfylla, trøttheit og svolt er prega av ulike gradar av senka aktivering
Kvifor blir vi engstelege?
Vi menneske blir redde av ting som er nytt og ukjent, og det å vere student er nettopp det. Vi blir også redde for ting vi ikkje forstår, også når vi ikkje forstår kjenslene våre. Om du da også har erfaringar som gjer at sinne eller sorg blir ekstra komplisert, er det ikkje så rart om du blir engsteleg. Då er det viktig å hugse at dette er heilt normalt og ein del av det å vere menneske og student, og ikkje noko som treng behandling.
Kva er ei angstliding?
Dersom angsten blir så dominerande i livet ditt at livskvaliteten din blir svekka i betydeleg grad, eller at du ikkje klarer å gjennomføre studiet eller det sosiale livet ditt, kan det vere at du har ei angstliding. Då har angsten gått frå å vere eit normalfenomen til å bli så omfattande at du bør vurdere å kontakte ein fagperson. Mange av dei som strever med dette har gløymt at angst ikkje er farleg, dei har begynt å bli redd for sjølve angsten, og har byrja å unngår viktige situasjonar i livet i vesentleg grad.
Eit par tips for å handtere angst
Dei fleste kjenner seg engsteleg når dei skal gjere noko nytt eller viktig, som å ta eksamen, gå på date, stå på ei scene eller halde ein presentasjon. Det er bra! Å vere litt engsteleg vil skjerpe sansane dine, gjere deg meir merksam og fokusert, og bidra til at du presterer betre. For å få fullt utbytte av denne tilstanden kan det vere lurt å øve seg på å namngje det som at du er spent, heller enn engsteleg og nervøs. Ei slik formulering gjer det lettare å huske at denne kjensla er nyttig.
Hugs at angst berre er ei kjensle og at angst alltid går over. Ubehaget vil først auke, men etter ei stund kjem toppunktet, og angsten går ned igjen. Det betyr at det er viktig å ikkje unngå situasjonane som gjer deg engsteleg, men stå i dei så lenge at du får erfaring med at angsten går over.
Nokon å snakke med?
Desse tipsa er skrivne for deg som synes angst er vanskeleg, men som likevel fungerer greitt. Dersom angst har blitt eit så stort problem for deg at det går utover studie og livskvalitet, bør du finne nokon å snakke med. Snakk med en studierådgjevar, fastlegen din eller kontakt den lokale studentsamskipnaden din. Samskipnaden har både helsesjukepleiarar, rådgjevarar og andre fagfolk som er vant til å snakke om angst.