Spørsmål
Hei, har vært syk en stund, og sliter med å ta tid av slik at jeg kan bli frisk. Jeg ender opp med å bli litt friskere, for å så kjøre på med skolearbeid som jeg har gått glipp av, og så bli syk igjen. Det er så stressende å ta seg tid til å bli frisk, når jeg vet den enorme mengden med skolearbeid som venter meg når jeg kommer tilbake. Ikke for å snakke om alle forelesningene jeg går glipp av. Hva kan jeg gjøre for å klare å slappe av ordentlig slik at jeg kan bli frisk?
Det passar aldri å bli sjuk når ein studerer. Det er ingen som tek over arbeidet ditt medan du er borte og haugen med ting å blir større. Dette gjer at mange, slik som du skildrar, går for tidleg tilbake til kvardagen. Dette er veldig forståeleg, men resultatet er ofte at ein bruker lengre tid enn nødvendig på å bli frisk. Det høyrast ut som at dette også er konsekvensen for deg.
Hovudutfordringa er ofte å ta innover seg at ein er sjuk. Ein slik aksept inneber ofte at ein må face kompliserte kjensler:
- Å bli sjuk når andre er frisk opplevast urettferdig og er frustrerande
- At andre er frisk når du er sjuk kan gjere deg misunneleg og sjalu
- Å ikkje gjere skulearbeid kan fort gi dårleg samvit
- Å vere sjuk gjer at ein går glipp av mykje, og dette kan vekke sorg
Det er fort gjort å hive seg tilbake til ein hektisk kvardag for å sleppe unna kjenslene som blir vekka av å ta sjukdommen på alvor. Det er komplisert og ubehageleg å ta inn over seg at ein treng ei pause.
Her er eit par tips som kanskje kan gjere det litt lettare:
- Prøv å hente fram det du har av aksept og eigenomsorg når du kjenner at det blir ubehageleg å ta omsyn til sjukdommen
- Prøv legge merke til, og ikkje unngå, dei kompliserte kjenslene
- Snakk med nokon om korleis du har det
- Minn deg på det du veit: For å bli frisk må du ta det med ro
Det er også viktig å hugse på at om du er sjuk meir enn 14 dagar kan du få omgjort lån til stipend. Du kan også søke om å ikkje miste retten til vidare støtte om du stryk. Dette kan du lese meir om på Lånekassen sine nettsider.
Av og til er dette så vanskeleg at ein treng nokon å snakke med. Hugs då at den lokale samskipnaden din har fleire ulike samtaletilbod. Eg har også lagt ved eit par artiklar som kan vere nyttig for deg.
Venleg helsing frå psykologen